Skip to content

Definisjon ; Irrasjonell

Kjærleik er ein menneskeleg følelse, vanlegvis retta mot eit anna menneske. Kjærleik er å vera glad i nokon. Mange vil sei at kjærleik er irrasjonell i si natur, og derfor vanskeleg å definere. Om kjærleiken kunne forklarast med eit ord, kvifor eit ord ville du brukt då? Me får møte 5 ungdommar som alle har svært ulike syn på kjærleik og livet. Nokon har akkurat blitt dumpa, nokon har akkurat kapra drømmedama, mens andre likar å sleppe seg laust blant mange forskjellige. Det kan både vera herlig og tøft å vera ung og forelska, men det er vanskelig å komma til einighet om korleis ting eigentleg burde vera.